Ju förr vi inser att ingen enskild aktör längre sitter inne med vare sig svaren eller taktpinnen, desto fortare kan vi anpassa oss till den nya tidens villkor för all regional planering, menar professor Jörgen Amdam, Högskolan i Volda.  

Kvifor fleksibilitet?
Tradisjonelt har regional planlegging gått ut på å ”låse fast” arealbruk, kommunikasjonsalternativ, offentleg ressursbruk m.m. ved hjelp av negative virkemiddel bygd på lovgiving og offentlige budsjettprosessar. Spesielt innan arealplanlegging ser ein no internasjonalt ei forandring frå slik overordna offentleg styrande planlegging til prosjektbasert både offentleg og privat planlegging som fremmar forandring og utvikling og der raske resultat for dei drivande interessene står i fokus.
 
Planleggingsteoretikarar peikar på behov for auka fleksibilitet i planlegging og behovet for planleggsmåtar som kan brukast ved den aukande kompleksiteten i samfunnet. Mellom dei endringar som skaper slike utfordringar er:
 
Kva er ein region?
Medan tradisjonell regional planlegging forsøker å koordinere aktivitetar innan eit bestemt område, krev fleksibel regional planlegging at ein koordinerer aktivitetar både knytt til områder og funksjonar og dynamisk med omsyn til utfordringar, interessentar, prosessar så vel som initiativ, aksjon og respons. Ein vesentleg grunn er at ulike aktivitetar har ulike geografiske nettverk, noder, aktørar m.m. og varierande over tid og rom. Dagens funksjonelle regionar har ikkje lenger eintydige geografiske grenser.
 
Kva er viktig planleggingsinnhald?
Medan lovgivinga tradisjonelt definerer kva ein regional plan skal innehalde, må fleksibel regional planlegging fokusere på utfordringar etter kvart som dei kjem til syne og utvikle strategiar og tiltak som kan handterre dei. Sidan regionar er ulike i situasjon og utfordringar, må regional planlegging fokusere på det spesielle som dei samarbeidande aktørane er oppteken av. Standardoppskrifter blir derfor lite relevant og lett flaskehalsar for å få gode prosessar og løysingar.  
 
Kva er fleksible planleggingsprosessar?
Lovgivinga forsøker å regulere kva som er ”gode” planleggings- og medvirkingsprosessar. I realiteten er regional planlegging i dag mange meir eller mindre

samanbundne og/eller konkurrerande prosessar knytt til utfordringar, saker, aktørar, arenaer m.m. Den store prosessutfordringa er å kunne identifisere dei som er aller viktigast for regional utvikling og å forsøke å få disse til å ”spele saman” og ”danne meining i lag” i staden for kvar for seg.   

 
Kven er interessentane?
Regionale planleggingsprosessar kan kombinere aktørar som har sams interesser og fremme sams maktstyrking så vel som å vere arenaer for konflikthandtering ved forhandlingar og kollaborasjon. Organisering og initiering av sams planleggingsprosessar der trådar blir knytt saman ved mobilisering av aktørar og deira interesser og saker, er det sterkaste virkemiddelet til fleksibel regional planlegging. 
 
Kompleksitet.
Bakgrunnen for dette fokuset på fleksibilitet i regional planlegging er knytt til erkjenninga av at regionar og samfunn er opne system med høg kompleksitet. Typisk for komplekse system er at dei har mange aktørar kvar med stort sjølvstende og laust knytt saman gjennom til dels overlappande nettverk. Interaksjonen mellom dei er dynamisk spesielt knytt til informasjonsstraumar og med eit minne som er fordelt utover i systemet. Interaksjon, straumen av aktørar, idear, utfordringar m.m. definerer korleis det komplekse, opne samfunnet fungerer og gir også stor grad av sjølvkorrigeringsevne. Det blir derfor vanskeleg å forutseie korleis til dømes offentleg styring fungerer fordi system har stor evne til å korrigere, innovere m.m. og dermed tilpasse seg til ulike endringar.
 
Medan det normative, instrumentelle planleggingsidealet er sakene. For det knytt til at mål skal vedtakast, alternativ undersøkast og det beste velgast, er slik planlegging umulig i komplekse opne system unnateke i dei heilt små første vil aktørar stille spørsmål ved kva som er riktige mål. Sidan ulike aktørar har ulike interesser vil måle ver sprikande og også under kontinuerleg utvikling på grunn av gjensidig læring. Instrumentell planlegging forutset at det er enigheit om kva som er rett kunnskap ut

 

frå ein årsak-verknad logikk. Studier av velfungerande fleksibel planlegging viser at såkalt vitenskaplig kunnskap blir gjensidig konfrontert frå ulike fagområde og også med lekmannskunnskap sidan kunnskap er sosialt konstruert. Komplekse system kan i liten grad styrast frå toppen, og frå botnen berre gjennom sterk og eintydig mobilisering, dei er i hovudsak sjølvstyrte med grunnlag i normar og institusjonar.

 
Fleksibel strategisk og mobiliserande
Sjølv om fleksibel regional planlegging har mange kjenneteikn som kan minne om ”Muddling Through”, er det likevel mogleg å arbeide kommunikativt og utviklingsorientert med slike prosessar.
 
Konteksten er svært viktig. Det å få fram best mogleg og breiast mogleg kunnskap om korleis situasjon og utfordringar blir oppfatta og forstått av ulike aktørgrupper og korleis ein kan lære av kvarandre gjennom dynamiske

sams læreprosessar, er grunnlag for å kunne utvikle breiare og meir gjensidig forståing. Det er mogleg å ha sams interesser med ”fienden”, det er mogleg å ”kollaborere” om enn i avgrensa saker.

 
Forståing og erkjenning knytt til kontekst er eit viktig grunnlag for sams mobilisering – ikkje nødvendigvis ved å kunne oppnå sams mål, men ei mobilisering som byggjer

på erkjenning av at sjølv om eg arbeider for ei bestemt sak, så kan denne kombinerast med andre saker og prosjekt gjennom at ein gjer mindre justeringar og innrømmingar. Då kan vi kjempe i lag i staden for mot kvarandre.

 
Dei fleste samfunn må og vil bygge på grunnleggande verdiar og interesser som saker og prosjekt kan relaterast til – alt treng ikkje å vere samordna med alt, men kunnskap om kvarandre kan gi forbausande gode resultat. Dette er eit grunnleggande prinsipp i organisering av gjennomføring knytt til fleksible regional planlegging. Ved at aktørar erkjenner at ein kan nå lenger ved å take omsyn til og samarbeide med andre prosjekt som på ein eller annan måte kan kome i konflikt med eller som kan gi meirverdi, skjer det ei spontan ”samordning” i opne system fordi ei grunnleggande læring er at direkte konfrontasjon med vinnarar og taparar kan gi store negative verknader for alle på sikt. Det er langt betre å samarbeide med ”fienden” og bli enig om å vere uenig så lenge ein greier å finne tiltak som er rimelege for alle eller dei fleste partar, dette lettar gjennomføring og gir også positiv læring til aktørar og om kva som er rimelege og fleksible løysingar.     
       
Professor Jörgen Amdam,
Högskolan i Volda
Lämna en kommentar